Øystein Varpe

Stilling

Professor

Tilhørighet

Forskergrupper

Forskning

Eg undrar meg over livet, det levande livet. Eg undrar meg over det enorme mangfaldet av livsformer. Kvifor så mange ulike variantar? Korleis samverkar individ og artar? Korleis påverkar dei kvarandre, her og no, eller på lengre sikt gjennom evolusjonen?

Eg studerte biologi (læra om livet) og har deretter jobba med biologi og økologi. I fleire år hadde eg eit særleg auge til liv i polare strøk, blant anna virka eg lenge frå Longyearbyen og Svalbard. Eg er framleis aktiv på dei frontar, men jobbar også i andre økosystem, særleg kystøkosystem langs Norskekysten. Årstidsvariasjonar er eit sentralt tema for meg. Sesongsyklusane er markante mange stadar på kloden og miljøvariasjonar gjennom året har gitt opphav til ei mengd evolusjonære tilpassingar, så som lange vandringar og trekk (sesongmigrasjon), energilagring, rask vekst når det finst mykje mat, dvalevariantar for vinteren, osv. Vidare varierer økologiske interaksjonar og mengda av ulike artar mykje gjennom året, og fleire av prosessane bak slike mønster vert påverka av miljø- og klimaendringar. Vi prøver å forstå denne dynamikken. Eg studerer ei rekke ulike livsformer og artar, men fremst dyreplankton (særleg krepsdyr), fisk, og fugl, men av og til også planter eller andre dyr.

Nøkkelord: evolusjon og økologi, livshistorie og livssyklusar, populasjonsbiologi, fenologi, marin økologi

Du kan lese meir om forskinga mi her, då på engelsk. Seasonal Ecology Group eller her Øystein på BlueSky

Undervisning

Eg er involvert i følgjande emne ved BIO:

BIO102 Organismebiologi 2

BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar 

 

Noverande gjestebidrag i emne ved andre institusjonar:

AB-340 Climate Change Biology, UNIS

AB-204 Arctic Population Ecology, UNIS

Publikasjoner

Via Google Scholar

eller via Seasonal Ecology Group

 

Tre ferske artiklar:

Syposz M, Varpe Ø, Descamps S, Fort J, Grémillet D, Harding A, Jakubas D, Kidawa D, Skyllas N, Strøm H, Versluijs TSL, Wojczulanis-Jakubas K 2026. Snowmelt predicts earlier breeding across the latitudinal range of an Arctic nesting seabird, the little auk Alle alle. Journal of Animal Ecology abstract

Nowicki RC, Gabrielsen GW, Borgå K, Søreide JE, Varpe Ø 2026. Seasonality and water masses shape energetics of a high Arctic fish: quantifying energy density and condition indices. Marine Ecology Progress Series 786:15150 open access

Kristiansen T, Varpe Ø, Selig ER, Laurel BJ, Sydeman WJ, Hegglin MI, Wallhead P.  2025. Climate change impacts on ocean light in Arctic ecosystems. Nature Communications 16, 9798 open access

 

Og nokre "klassikarar":

Varpe Ø. 2017. Life History Adaptations to Seasonality. Integrative & Comparative Biology 57: 943–960 abstract & full text

Varpe Ø, Daase M, Kristiansen T. 2015. A fish-eye view on the new Arctic lightscape. ICES Journal of Marine Science 72: 2532-2538 abstract pdf

Ji R, Jin M, Varpe Ø. 2013. Sea ice phenology and timing of primary production pulses in the Arctic Ocean. Global Change Biology  19: 734-741 abstract

Varpe Ø. 2012. Fitness and phenology: annual routines and zooplankton adaptations to seasonal cycles. Journal of Plankton Research 34: 267-276  full text

Varpe Ø, Jørgensen C, Tarling GA, Fiksen Ø 2007. Early is better: seasonal egg fitness and timing of reproduction in a zooplankton life-history model. Oikos 116: 1331-1342  pdf 

Varpe Ø, Tveraa T, Folstad I. 2004. State-dependent parental care in the Antarctic petrel: responses to manipulated chick age during early chick rearing. Oikos 106 (3) 479-488 pdf

 

Min ORCID iD: 0000-0002-5895-6983