Konferanser og seminarer

Polyfon-konferansen 2026


Bilde
Illustrasjon formet som et postkort
Foto: Torbjørn Mohn-Haugen

Polyfon-konferansen 2026 går over to dagar - først ein felles konferansedag, deretter ein seminar dag der ulike fagfelt og nettverk møtest parallelt for påfyll og erfaringsutveksling. Og musikk inngår sjølvsagt også i pakken, med konsert kvelden før. Velkomne til tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein helseressurs både i terapi, miljøbehandling og kvardag.

Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon. 

Vi inviterer både brukarar, praktikarar, studentar, forskarar, politikarar og leiarar til ein open og tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein helseressurs både i terapi, miljøbehandling og kvardag.

Konferansen er tverrfagleg og fokuserer på musikkterapi samt musikk og helse i vid forstand. Det er plenumssesjonar, posterutstilling og parallellsesjonar. Bidraga bygger på forsking, praksiserfaring og/eller brukarerfaring. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med! 

Tema for konferansen i år: Musikkterapilandet?

Temaet speler på tittelen til rapporten Musikklandet, ei offentleg utgreiing med anbefalinger om framtidas musikkpolitikk og med tydelege forslag til tiltak for oppskalering av norsk musikkterapi (NOU 2025: 7 (ekstern lenke)).

Korleis ser det norske «musikkterapilandet» ut i dag, i lys av lokale og nasjonale moglegheiter og utfordringar? Bidrar musikkterapi til fellesskap og kulturell beredskap? Gjer musikkterapi ein forskjell i møte med helseutfordringane i samfunnet? I kva grad speglar norsk musikkterapi mangfaldet i landet vårt?

  • 11. november: Konsert i samarbeid med GAMUT og Gjenklang
  • 12. november: Felles konferansedag med spennande plenumsprogram og mange parallelle foredrag
  • 13. november: Seminardag der ulike fagfelt og nettverk møtest parallelt for påfyll og erfaringsutveksling

 

Følg lenkene nedanfor for å sjå programmet for dei ulike arrangementa.