Emnet gjev ei basal innføring i parasittologi og epizootiologi med spesiell vekt på fiskeparasittar, særleg artar relevante i Norsk akvakultur. Morfologi (identifisering), prøvetaking, Livssyklus og smitteveiar, verknad på verten (sjukdom, klinikk, sjukdomstegn, histopatologi), diagnostikk, kontroll (risikofaktorar, profylakse) og behandling vert gjennomgått.
Læringsutbytte
Kuset skal sette studentane i stand til å gjenkjenne parasittypar, og vite om- og kva risiko dei representerar. Dei skal ha kunnskap om kva sjukdommar dei kan årsake, korleis ein kan unngå smitte og sjukdom, og korleis ein kan behandle.
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.