Vitskap og verkelegheit

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Både filosofi og vitskap prøver å svara på spørsmål om verda og vår plass i den. Dette emnet har eit todelt mål. Det første målet er å utforske denne typen spørsmål frå eit filosofisk perspektiv. Emnet vil difor formidle og utvikle forståing for sentrale tema i metafysikk. Metafysiske spørsmål er filosofiske spørsmål om korleis verda eigentleg er og korleis vi menneske passar inn i den. Eksisterer fortida og framtida? Kan vi ha fri vilje sjølv om framtida er bestemt av fortida og naturlover?

Det andre målet er å utforske spørsmål om korleis vitskapen fungerer frå eit filosofisk perspektiv og å forstå kva vitskapen kan fortelje oss om korleis verda er. Emnet vil difor også formidle og utvikle forståing for sentrale tema i vitskapsfilosofi. Kva kjenneteiknar vitskap og kva skil vitskap frå andre måtar å utforske verda på? Kva vil det seie å gi ei vitskapleg forklaring av eit fenomen?

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studenten ha:

  • oversikt over nokre sentrale filosofiske tema og debattar innan vitskapsfilosofi og metafysikk;
  • kjennskap til viktige filosofiske bidrag til desse tema og debattane;
  • ei forståing for omgrep, argument og teoriar som er relevante for desse tema og debattane.

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten kunne:

  • beskrive og forklare sentrale omgrep, argument og teoriar frå dei filosofiske debattane innan metafysikk og vitskapsfilosofi;
  • rekonstruere og evaluere argument og teoriar frå dei filosofiske debattane innan metafysikk og vitskapsfilosofi og identifisere deira styrkar og svakheiter;
  • reflektere over og diskutere tema og debattar i metafysikk og vitskapsfilosofi;
  • kommunisere idear knytt til emnets innhald, både munnleg og skriftleg.

Kompetanse

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til å:

  • delta i faglege debattar innan metafysikk og vitskapsfilosofi;
  • ta vidare utdanning innan metafysikk og vitskapsfilosofi.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Bestått ex.phil. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesningar og seminar.

Studentane vil bruke ca. 40 timer i klassen i løpet av semesteret, og ca. 8 timer per veke utanom klassen med emnerelaterte oppgåver.

Klassetida vil innebere førelesningar eller presentasjonar av faglærar, diskusjonar og gruppearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må delta på minimum 7 av 10 førelesningar og minimum 7 av 10 seminar.

Studentane må fullføre minimum 5 skriftlege arbeid på omlag 300 ord kvar. Fristar blir satt av den førelesar.

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Vurderingsformer

Skoleeksamen på 4 timer

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust / vår
Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Undervisningsutvalet for fagstudiet i filosofi
Emneansvarlig
Undervisningsutvalet for fagstudiet i filosofi
Administrativt ansvarlig
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium