Filosofi mastergradsoppgåve
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- FILO350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Masteroppgåva skal dokumentere at studenten har evne til å arbeide systematisk og sjølvstendig med filosofiske problemstillingar, og identifisere og artikulere sentrale omgrep, argument og posisjonar i det aktuelle problemområdet.
Masteroppgåva kan anten bestå av eit samanhengande arbeid, eller vere sett saman av fleire mindre arbeid som står i ein indre fagleg samanheng med kvarandre. Om studenten vel ei samansett masteroppgåve, skal denne innehalde ei innleiing som syner korleis dei ulike mindre arbeida heng saman. Lengda på oppgåva skal vere i samsvar med fakultetet sitt vedtak om kva lengd ei masteroppgåve skal ha.
Læringsutbytte
Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha
- god innsikt i litteratur, omgrep, argument og posisjonar innanfor temaet for masteroppgåva
Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne
- arbeide systematisk og sjølvstendig med filosofiske problemstillinger
- meistra litteratursøking, gjennomgang og bruk av forskingslitteratur
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- formidling av innsikt i temaet, til dømes i form av undervisning i vidaregåande skule
- vidare studiar basert på tema for masteroppgåva på doktorgradsnivå
- utarbeiding av dokument for utgreiing og rådgjeving til bruk i samanhengar der innsikt i temaet er relevant.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Individuell rettleiing med den/dei faglege rettleiaren/rettleiarane undervegs i arbeidet.
Innlevering av pensumliste samstundes med innlevering av masteroppgåva. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standarder for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal godkjennast av instituttet.
Vurderingsformer
Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider (25.000-40.000 ord). Sjå utfyllande reglement for Det humanistiske fakultet. Masteroppgåva skal leverast elektronisk i Mitt UiB.
Etter at masteroppgåva er levert inn skal studenten halde ei offentleg forelesing på 45 minutt med presentasjon av eit tema fra masteroppgåva. Forelesinga blir gitt karakteren greidd / ikkje greidd. Dersom forelesinga blir vurdert som ikkje greidd, kan studenten gjere inntil to forsøk til innan eit halvt år etter innleveringa av masteroppgåva. Etter at forelesinga er greidd, skal studenten ha ein munnleg eksamen, der karakteren på masteroppgåva kan justerast inntil ein karakter opp eller ned.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Innlevering av masteroppgåva kan skje fire gonger i året; 1. februar, 15. mai, 1. september og 20. november. Desse fristane er sett av Det humanistiske fakultet.