Glasialgeologi og geomorfologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet byrjar med eit femdagars feltkurs på Finse der avsetningar frå brear og brenære geologiske miljø vert studert. Førelesingane starter med ei innføring i glasiologi (brelære), der m.a. massebalanse, brerørsle og brehydrologi vert gjennomgått. Vidare vert glasiale erosjons- og avsetningsformer og effektar som isbrear og innlandsiser har hatt på utforminga av landskapet, som for eksempel fjell, dalar og fjordar gjennomgått. Det vert òg gjeve ein kort oversikt over andre kvartære landformer danna ved kjemisk og fysisk forvitring, skred og elve-erosjon. Metodar som vert nytta til å rekonstruere bre- og klimaendringar vert gjennomgått. Danningsmåte og klassifikasjon av dei viktigaste glasiale avsetningstypane vert gjennomgått. Beskriving og tolking av korleis havnivået har endra seg under og etter istidene inngår også i emnet. Det vert dessutan gjeve ei kort innføring i dateringsmetodar, med vekt på radiokarbon- og eksponeringsmetoden. Avsmeltingsforløpet til innlandsisane som dekka Nord-Amerika, Storbritannia og Skandinavia under siste istid vert gjennomgått. I undervisninga inngår kurs i flyfototolking av glasiale avsetningar og former, samt øvingar i konstruksjon av strandforskyvingskurvar og strandlinediagram.

Læringsutbytte

Studenten har kunnskapar om:

- glasiologi

- erosjons- og avsetnings-former

- landformer danna av brear

- metodar nytta til bre- og klimarekonstruksjon

- danningsmåte og klassifikasjon av avsetnings-former

- daterings-metodar

Studenten har ferdigheiter til å:

- skrive individuell feltdagbok

- gjere sjølvstendige felt-observasjonar

- utarbeide og rapportere feltdata

- grunngje tolkingar

- beskrive og tolke avsetningar

- utarbeide eit kvartær-geologisk kart

Studenten skal ved fullført emne kunne om:

-brear sin massebalanse, brerørsle og brehydrologi

-glasiale erosjons- og avsetnings-former

-dei vanlegaste daterings-metodane

-avsmeltings-forløpet til isdekker

Undervisningssemester

Haust (fargekode: raud)

Emnet har eit avgrensa tall på plassar (30) og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
GEOV101, GEOV102 og GEOV110 (kan tas parallelt).
Anbefalte forkunnskaper

GEOV105

Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Praktiske øvingar og feltkurs med godkjend rapport. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldig i 6 påfølgjande semester.

Fire øvingar à 2 timar og 5 dagars feltkurs på Finse.

Godkjend/ikkje godkjend feltrapport og øvingar m/rapport

Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Høst/vår
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.