Demokrati og medborgarskap: Norsk politisk historie frå 1814 til i dag

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold


Emnet tek sikte på å gje studentane fordjuping innanfor området demokrati og medborgarskap, som er løfta fram i den gjeldande læreplanen, både i den overordna delen og spesifikt for historiefaget.

Det tematiske innhaldet i emnet kan variere noko mellom kvar gong det vert tilbode. Instituttet gjev nærare informasjon om den spesifikke tematiske innrettinga på emnet i god tid før undervisningssemesteret.

Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.

Hausten 2026
Emnet Demokrati og medborgarskap gjev ei historisk og institusjonell innføring i utviklinga av det norske folkestyret frå 1814 og fram til i dag. Utgangspunktet er at demokrati ikkje vert forstått som ei eintydig eller tidlaus styreform, men som eit omgrep og eit politisk system i stadig endring, prega av konflikt, maktkamp og skiftande normative ideal.

Gjennom emnet vert studentane kjende med sentrale demokratiske prinsipp som folkesuverenitet, maktfordeling og representasjon, og med korleis desse har vorte tolka og praktiserte i ulike historiske samanhengar. Emnet legg særleg vekt på dei politiske institusjonane som har forma det norske demokratiet: Stortinget, regjeringa, forvaltninga og dei politiske partia, i tillegg til valordningane og samspelet mellom statlege, regionale og lokale nivå.

Eit sentralt tema er medborgarskap som historisk og politisk praksis. Emnet viser korleis retten til politisk deltaking og representasjon gradvis er blitt utvida, men også korleis demokratiske ordningar samstundes har hatt ekskluderande trekk. Spørsmål om likestilling, minoritetar, samiske rettar og lokaldemokrati står difor sentralt.

Emnet er særleg relevant for lektorstudentar, ved at det gjev fagleg fordjuping i demokrati og medborgarskap, som er løfta fram som eit tverrfagleg tema i læreplanverket. Studentane vert rusta til å undervise i demokrati som historisk framvaksen og institusjonelt forankra samfunnsordning, snarare enn som eit ahistorisk og uproblematisk verdisett.

Undervisninga på emnet er tilpassa praksisen til studentar som tek historie som fag 1, og går difor føre seg dels i byrjinga og dels i slutten av haustsemesteret.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har god kunnskap innan fordjupingstemaet
  • kjenner til synsmåtar, forklaringar og teoriar knytt til temaet
  • har god innsikt i sentrale kjelde- og metodespørsmål

Ferdigheiter

Studenten

  • kan problematisere, nytte relevant fagterminologi og drøfte historiske framstillingar innan temaet
  • kan vurdere og analysere litteratur/kjelder og kunne trekkje eigne konklusjonar på grunnlag av denne analysen

Generell kompetanse

Studenten

  • viser evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Gode kunnskapar i engelsk er viktig.
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert normalt gjeven i form av førelesingar, men andre undervisningsformer kan verte aktuelle (om lag 16-20 undervisningstimar totalt).

Emnet er praktisk tilrettelagt slik at det ikkje kolliderer med undervisning og praksis for studentar som følgjer lektorprogrammet og har historie som fag 1.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha godkjent obligatorisk skriftleg arbeid på inntil 1500 ord. Oppgåva skal ha tilvisingar i teksten til kjelder og litteratur og liste til slutt over den litteraturen som er nytta.

Emneansvarleg kan opne for at studentar får som obligatorisk øvingsoppgåve å produsere ein førehandsinnspelt presentasjon (video eller podcast) med ei lengd på ca. 3-5 minutt, supplert med liste over eventuelle kjelder og litteratur som er nytta. Emneansvarleg fastset tema for oppgåva.

Studentane får en tilbakemelding på det obligatoriske arbeidet.

Omfang, fristar og retningslinjer for den obligatoriske aktiviteten blir gjort kjent ved studiestart .

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

4-timars skriftleg skuleeksamen på inntil 1500 ord.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere gyldige for å kunne møte til eksamen.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust. Eksamen vert halden ved utgangen av undervisningsblokk haust 1 (midten av haustsemesteret).

Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (vår).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 800 sider.

Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.