Datavitskap for lingvistikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette kurset tek sikte på å gi studentane praktisk og teoretisk kunnskap om datavitskap i forhold til språk og lingvistikk. Kurset introduserer konseptet med reproduserbare arbeidsflytar, frå datahandtering og behandling av store datasett, til statistisk analyse, datavisualisering og rapportering av resultat. Studentane lærer korleis dei set opp ei rein og delbar prosjektarbeidsflyt i eit transparent format, samt det grunnleggjande om eit programmeringsspråk (t.d. R) for å hente, behandle og (statistisk) analysere data, inkludert visualisering av resultat.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten kan:

  • Beskrive og motivere måla for reproduserbar og open vitskap
  • Kritisk vurdere praktiske og metodologiske val innan datahandtering, prosessering og analyse.

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • Sette opp eit forskingsprosjekt i ein reproduserbar arbeidsflyt frå start til slutt
  • Utføra grunnleggjande datainnhenting, -prosessering og -analyse ved hjelp av eit programmeringsspråk

Generell kompetanse

Kandidaten kan:

  • Kritisk vurdere datahandtering og statistisk analyse innan lingvistikk
  • Følgje beste praksis med omsyn til reproduserbare vitskaplege arbeidsflytar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
-
Studiepoengsreduksjon
LING310 (5 stp).
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masternivå ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og praktiske datamaskinretta seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det krevst at éi obligatorisk oppgåve er bestått for å få levere den endelege oppgåva. Oppgåva er til dømes eit kort skriftleg utkast til den endelege rapporten på ca. 500 ord (eller tilsvarande).
Vurderingsformer

Eksamen består av to delar som kvar tel 50 % av endeleg karakter:

  • Ei individuell semesteroppgåve i form av ein prosjektrapport som beskriv alle trinna i ein empirisk analyse av eit datasett. Oppgåva skal vere opptil 3000 ord lang (utanom referansar, vedlegg osb.) og må leverast i ein godt dokumentert prosjektarbeidsflytstruktur, t.d. med kopla eller vedlagde analyseskript som vil gi att data(for-)prosessering, analyse og visualisering.
  • Munnleg eksamen der det blir eksaminert både om semesteroppgåva og resten av pensum.

Semesteroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Leselista omfattar omlag 500 sider med litteratur, ressursar og dokumentasjon.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret for språkvitskap
Emneansvarlig
Programstyret for språkvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium