Nordisk: Litteratur etter 1900 (Fjernord)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- NOLI102-F
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet er basert på eit breitt utval nordiske, særleg norske, litterære tekstar frå 1900 og fram til i dag. Ein les tekstane ved hjelp av både eit litteraturhistorisk og eit sjangerteoretisk pensum. Det skjønnlitterære pensumet utgjer om lag halve emnet og er fordelt mellom dei tre skjønnlitterære hovudsjangrane lyrikk, epikk og dramatikk. I tillegg les studentane eit utval sakprosa.
Emnet skal gje studentane eit felles utgangspunkt som dannar grunnstammen i det litterære nordiskstudiet, og som er naudsynt for norsklærarar, språk- og litteraturkonsulentar og andre som utøver yrke der språklege og litterære kvalifikasjonar er eit krav.
Emnet skal gje studentane god kjennskap til sentrale norske og nordiske tekstar og forfattarskapar på 1900-talet.
Emnet skal gje ei solid litteraturhistorisk innføring som knyter skjønnlitteraturen til sosiale, kulturelle, idéhistoriske og biografiske tilhøve som er relevante for meiningsproduksjonen i den einskilde teksten. Studiet av litteraturhistoria skal skape refleksjon omkring periodisering, kontinuitet og brot i kulturutviklinga og setje samtidskulturen inn i ei større ramme.
Emnet skal gje ei systematisk innføring i dei skjønnlitterære hovudsjangrane lyrikk, epikk og dramatikk slik at studentane kan forstå teksten som estetisk uttrykk og utvikle eit teoretisk omgrepsapparat dei kan nytte i systematisk handsaming av tekstane.
Emnet skal ta opp sakprosa, særleg former for sakprosa som er nærskylde til skjønnlitteraturen, som til dømes essay, talar og brev, og reflektere omkring skiljet skjønnlitteratur-sakprosa.
Læringsutbytte
Etter å ha studert emnet skal studentane kunne
- gjere greie for innhald, form og tematikk i den einskilde litterære pensumteksten
- drøfte den litteraturhistoriske plasseringa av pensumtekstane
- gjere greie for sentrale nordiske, særleg norske, forfattarskapar etter 1900
- drøfte litteraturhistorisk plassering av nordiske 1900-talstekstar som ikkje er på pensum, og analysere slike tekstar ved hjelp av sjangerteoretiske omgrep
- drøfte og problematisere ulike tilhøve ved litteraturhistorisk periodisering i tida etter 1900, særleg omgrepet modernisme
- drøfte og problematisere dei litterære hovudsjangrane og skiljet skjønnlitteratur-sakprosa med tekstar som døme
- samanlikne ulike tekstar med omsyn til litteraturhistoriske og sjangermessige trekk
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Undervisningssted
Nettbasert studium
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere ei oppgåve.
Oppgåva må vere godkjend for at ein skal kunne gå opp til skriftleg eksamen i emnet.
Oppgåva skal skrivast på nynorsk.
Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i eitt semester etter godkjenninga.
Instituttet fastset nærare retningslinjer for oppgåva.
Vurderingsformer
Skriftleg prøve på seks timar. Prøva skal besvarast på bokmål.
I semesteret etter undervisningssemesteret vert det også arrangert ordinær eksamen.
Den skriftlege prøva vert halden i slutten av semesteret.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i undervisningssemesteret.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt stor vekt på om studenten skriv korrekt og godt.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Litteraturliste
Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Episke og dramatiske tekstar har låg vekting. Instituttet fastset pensumet.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.