Form og fridom
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- PRO228
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk og norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Utfyllende semesteromtale
GRAFIKK
Dette er ein prosjektbasert emne som utforskar forholdet mellom uttrykk og begrensning, autoritet og autonomi. Emne kombinerer praktisk arbeid med høgtrykk i grafikkverkstaden med lesing, diskusjon og individuelt arbeid. Som del av dette PRO-emnet kan du få HMS til grafikksverkstaden.
Kunst, botanikk og hagebruk
Dette PRO-emnet undersøker hagen som ein essensiell metafor for vårt forhold til naturen. Hagen som eit speil av samfunnet, ein stad som erstattar klokketid med sirkulær tid, ein stad for arbeid, fritid, draumar og utopiar, eksemplifisert i kunsthistoria og i samtidskunstpraksis.
Mål og innhold
Dette er eit prosjektbasert emne utforskar forholdet mellom uttrykk og avgrensing, kaos og kontroll, autoritet og autonomi. Følgande spørsmål blir undersøkte: Kva etablerte verktøy og parameter er nyttige innan kunstpraksis, og kva bør vi søke å transcendere? Under kva omstende kan vi, som kunstnarar, finna fridom innanfor forma, og når er fridomen formlaus?
PRO-emna er utforma for å berike din kunstnarlege utvikling (som blir utforska i ART-emna) ved å aktivere ferdigheiter, koble faglege fellesskap og undersøke disiplinære avgrensingar. PRO-emnane gir deg moglegheit til å fokusere på eit spesifikt prosjekt tilknytt di eiga praksis innanfor ein kontekst gitt av emneansvarlige.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Utvikle bevisstheit om relevante kjelder og praksisar
Ferdigheiter
- Utforske nye teknikkar og metodar.
- Forbetre og utvide dine eigne ferdigheiter og metoder gjennom prosjektutvikling.
Generell kompetanse
- Identifisere dine eigne læringsbehov knytt til fagområda
- Utvikle og presentere nytt arbeid.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogrammet i kunst.
Det er satt eit tak på 15 studentar som kan ta dette emnet og tilsvarande emnet på MA-nivå. I enkelte tilfelle kan emnet ha lågare eller høgre opptakstall, dersom faglege, organisatoriske eller pedagogiske grunnar tilseier det. Dette vil gå tydeleg frem i utfyllande semesteromtale.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisnings- og læringsmetodar kan inkludere:
- Prosjektutvikling
- Individuell utforsking
- Gruppearbeid
- Førelesingar
- Presentasjonar
- Gruppediskusjonar
- Rettleiing
- Tilvist litteratur
- Skriveøvingar
- Verkstadbasert instruksjon
Sjå utfyllande semesteromtale for detaljar spesifikke for dette semesteret.
Vurderingsformer
Innlevering av kunstnarleg arbeid, enten fysisk eller digitalt. Emneansvarlig spesifiserer dette i starten av semesteret.
Vurderingskriterium:
Utforsking
Fagkunnskap
Eksperimentering
Realisering
Samarbeid og sjølvstendig arbeid.