Beredskap og operativ teamleiing

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet har som mål at deltakarane skal utvikle kompetanse for å kunne inngå som operativ del av totalforsvaret. Emnet skal gje deltakarane teoretisk og erfaringsbasert kunnskap om korleis menneskelege faktorar kan påverke leiing, situasjonsforståing, kommunikasjon, samhandling og avgjersler i krevjande situasjonar der liv, helse eller store verdiar står i fare.

Gjennom arbeid med emnet vil studentane lære å analysere og forstå menneskelege faktorar som påverkar situasjonsforståing, læring, leiing, samhandling og avgjersler i beredskapssituasjonar. Gjennom arbeid med case vil studentane drøfte korleis ein kan planlegge krisekommunikasjon, ivaretaking og simulering i beredskapsøving.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten kan:

  • forstå dei grunnleggjande prinsippa for samvirke i operative situasjonar
  • forstå og bruke risiko- og sårbarhetsanalysar (ROS- & Bow-tie-modellane).
  • vite korleis både individuelle eigenskapar og samarbeidsforhold i grupper kan påverke kommunikasjon, samhandling og avgjerdsprosessar i kriser og i totalforsvaret.
  • beskrive dei viktigaste kjenneteikna ved eit velfungerande og effektivt team.

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • undersøkje og forklare korleis enkeltpersonar og team kan påverke utfallet av ein operativ situasjon.
  • bruke teori og kunnskap frå fagområdet operativ psykologi til å analysere og gjere greie for kva som kan forklare utfallet av en operativ situasjon.

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • reflektere over etiske og menneskelege utfordringar som kan oppstå i arbeid med kriser og beredskap.
  • formidle ei fagleg vurdering av ein operativ situasjon på ein klar og strukturert måte, både skriftleg og munnleg.

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Pilotprosjekt haust 2026 ev vår 2027.

Undervisningssted

Universitetet i Bergen
Krav til forkunnskaper
Minimum to års relevant arbeidserfaring frå beredskapsarbeid i Sivilforsvaret eller andre operative verksemder.
Anbefalte forkunnskaper
Gjennomført emnet Operativ psykologi (PSYK640/655)
Studiepoengsreduksjon
EXECUTIVE663 Operativ teamleiing i kriser
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått særskilt opptak via UIB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer

Studiet er bygd opp av to digitale halvdagsmøter og to fysiske undervisingssamlingar over to dagar. På samlingane vil ein veksle mellom forelesingar, oppgåveløysing og praksisnær undervising der ein drøfter deltakaranes eign case i mindre grupper.

Eigen erfaring (case) frå øving og operative hendingar blir nytta i undervisning og rettleiing.

I forkant av undervisingssamlingane jobbar studentane på eigenhand med nettbaserte læringsaktivitetar, som å sjå undervisingsvideoar, lese litteratur, svare på quizar, løyse oppgåver og reflektere rundt relevante problemstillingar og faglitteratur knytt til eige case eller jobbrolle.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i undervisning og eigenaktivitet individuelt og i grupper mellom samlingane.
  • Det vert krevd minimum 80% deltaking i undervisninga.
  • Refleksjonsnotat ca. 350 ord.
Vurderingsformer
Indviduell semesteroppgåve som tar utgangspunkt i eit faglig case, 3000 ord (+/- 10 %).
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Pilotprosjekt haust 2026 ev vår 2027.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
I tråd med retningslinjer for evaluering av emner ved Det psykologiske fakultet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet v/ Institutt for Samfunnspsykologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.