Religion, media og kultur: Religion og moderne litteratur i Sør-Asia og Øst-Europa

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet er å gi studentane fordjuping i eit gitt religionsvitskapleg tema som belyser forholdet mellom religion, media og kultur, og å gi kunnskap om sentrale omgrep og tilnærmingar til temaet. Temaet kan ha fokus på ulike kulturelle kontekstar, former for religion og medietypar, samt på samtidas samfunn eller utforske historiske perspektiv.

Høsten 2026

Målet med emnet er å gi studentane fordjuping i forholdet mellom religion og litteratur, med

utvalde eksempel frå Sør-Asia og Øst-Europa. Emnet gir kunnskap om sentrale omgrep og

tilnærmingar til temaet religion og litteratur.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om forsking på forholdet mellom religion, media og kultur, samt temaets sentrale omgrep, tilnærmingar og eigenart.
  • har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innanfor emnet og om det valde empiriske materialet.
  • har kunnskap om sentrale tilnærmingar og omgrep knytte til utforsking av media, religion og kultur.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å analysere eit komplekst tema og trekke konklusjonar på eiga hand
  • har evne til kritisk å granske teoriar, metodar og fortolkingar innanfor temaet.
  • har evne til å presentere kunnskapen sin munnleg

Generell kompetanse:

Studenten

  • har erfaring med å handtere store mengder informasjon og litteratur innanfor ein kort tidsperiode, og med å tolke og presentere informasjon

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og/eller vår, men ikkje fast.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Det vil normalt vere 10-15 førelesingar eller seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

Munnleg prøve

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og/eller vår. Det vert tilbydd vurdering i emnet i undervisningssemester og påfølgande semester
Litteraturliste

Litteraturlista vil ha eit omfang på om lag 1200 sider.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. Litteraturlista vil variere etter kva for tema som det blir undervist i.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret for religionsvitskap
Emneansvarlig
Programstyret for religionsvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap