Radikal religion: [tema]

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet er å gi studentane fordjuping i eit gitt religionsvitskapleg tema innan radikal religion og kunnskap om sentrale tilnærmingar og omgrep knytte til radikal religion og ekstremisme. Temaet kan ha fokus på ulike samfunnsmessige og kulturelle kontekstar og tidsperiodar komparativt, eller tilby fordjuping i ein enkelt kontekst og periode. Emnet kan kaste lys over fleire aspekt ved temaet, til dømes - men ikkje avgrensa til - radikalisering, identitetskonstruksjon og «othering», terrorisme eller religion og vald, eller fordjupe seg i eitt enkelt aspekt.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om sentrale tilnærmingar og omgrep knytte til temaet radikal religion, og kunnskap om det valde empiriske materialet i samfunnsmessig og historisk kontekst.
  • har kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innanfor temaet.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å analysere eit komplekst tema og trekke konklusjonar på eiga hand
  • har evne til kritisk å granske teoriar, metodar og fortolkingar innanfor temaet.
  • har evne til å skrive ein samanhengande analytisk tekst innanfor ei kort tidsramme

Generell kompetanse:

Studenten

  • har erfaring med å handtere store mengder informasjon og litteratur innanfor ein kort tidsperiode, og med å tolke og presentere informasjon

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og/eller vår, men ikkje fast.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Det vil normalt vere 10-15 førelesingar eller seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

Skriftleg skoleeksamen (inntil 3000 ord) på 6 timar

Ord­talet over viser kor langt eit godt oppgåvesvar er venta å vere. Du får ikkje automatisk trekk i karakteren om du skriv kortare eller lengre enn oppgitt (+/- 10 prosent), men det er mindre sannsynleg at oppgåva blir vurdert som fyldig eller presis nok til å oppnå ein god karakter.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og/eller vår. Det vert tilbydd vurdering i emnet i undervisningssemester og påfølgande semester
Litteraturliste

Litteraturlista vil ha eit omfang på om lag 1200 sider.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. Litteraturlista vil variere etter kva for tema som det blir undervist i.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret for religionsvitskap
Emneansvarlig
Programstyret for religionsvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap