Miljø og religion: [tema]

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet er å gi studentane fordjuping i eit religionsvitskapleg tema av historisk eller systematisk karakter som dreier seg om tilhøve mellom miljø og religion. Døma som blir tatt opp speglar forskingsområda og forskingsinteressene til førelesarane og vil variere frå semester til semester. Dei kan handle om religiøse tilnærmingar til klimaendringar, ulike naturforståingar, urfolks erfaringar og praksisar, migrasjon, minoritetar, politiske prosessar eller andre aktuelle saker frå forskjellige delar av verda. I sentrum for emnet står religionsvitskaplege problemstillingar og perspektiv som er relevante også for tverrfaglege miljøstudiar.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om konkrete døme på tilhøve mellom miljø og religion.
  • har kunnskap om religionsvitskaplege problemstillingar og perspektiv som er relevante for tverrfaglege miljøstudiar.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å analysere komplekse tilhøve mellom miljø og religion og trekke konklusjonar på eiga hand
  • har evne til kritisk å granske teoriar, metodar og fortolkingar av tilhøve mellom miljø og religion.
  • har evne til å skrive ein samanhengande analytisk tekst innanfor ei kort tidsramme

Generell kompetanse:

Studenten

  • har erfaring med å handtere store mengder informasjon og litteratur innanfor ein kort tidsperiode, og med å tolke og presentere informasjon

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og-/eller vår, men ikkje fast

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Det vil normalt vere 10-15 førelesingar eller seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

Skriftleg skuleeksamen (inntil 3000 ord) på 6 timar

Ord­talet over viser kor langt eit godt oppgåvesvar er venta å vere. Du får ikkje automatisk trekk i karakteren om du skriv kortare eller lengre enn oppgitt (+/- 10 prosent), men det er mindre sannsynleg at oppgåva blir vurdert som fyldig eller presis nok til å oppnå ein god karakter

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust og/eller vår. Det vert tilbydd vurdering i emnet i undervisningssemester og påfølgande semester
Litteraturliste

Litteraturlista vil ha eit omfang på om lag 1200 sider.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. Litteraturlista vil variere etter kva for tema som det blir undervist i.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret for religionsvitskap
Emneansvarlig
Programstyret for religionsvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap