Engelsk (årsstudium)

Engelsk er antakeleg det mest utbreidde språket nokosinne. Når vi treff nokon med eit anna morsmål kommuniserer vi oftast på engelsk, uansett kva det handlar om: internasjonal politikk og diplomati, handel, forsking, kultur mm. På årsstudiet i engelsk vil du lære om engelsk språk og kultur.

Informasjon til nye studentar

Velkommen til Det humanistiske fakultet!

Dette programmet startar om våren, om du vil studere allereie frå hausten kan du det.

Oppmøteinformasjon for hausten finn du under.

Frammøte: Måndag 10. august kl. 08:45 i Auditorium A, Sydneshaugen skole.

Du treng ikkje ta med deg noko anna enn deg sjølv, men det er lurt å ta med noko å drikke og ete.

Her finn du informasjon om studiestart på UiB og programmet for velkomstveka på HF.

Har du spørsmål? Ta kontakt med infosenteret på HF

Vi gler oss til du kjem! 

Kva lærer du?

På årsstudiet vil du få ei innføring i engelsk språkvitskap, litteratur og kultur. Du blir kjent med det språklege og kulturelle mangfaldet i den engelskspråklege verda frå mellomalderen til i dag. Du studerer engelsk grammatikk og uttale og får ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket.   

Gjennom tolking av ulike tekstar får du kunnskap om samanhengen mellom litteratur og samfunnsforhold i USA, Storbritannia og andre engelskspråklege land.  

Vi diskuterer spørsmål som:    

  • Korleis fungerer det engelske språket? 
  • Kva type endringar skjer i det engelske språket i dag?   
  • Korleis kan vi forstå kultur og historie gjennom litteraturen, og vice versa?     
Studiekvardag

Dette er eit fulltidsstudium. I løpet av ei typisk veke vil du ha rundt 10 timar undervisning, som forelesingar og seminargrupper. I tillegg vil du lese pensumlitteratur og forberede deg til undervisning. I det andre semesteret kan du dra til Det norske studiesenteret i York og få ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.   

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden, som ligg midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.

Kva kan du jobbe som?

Med denne utdanninga får du ein dobbelkompetanse: God og presis språkføring , og kunnskap om kulturen og samfunnet i landet/området.   

Skolen, staten, næringslivet, kulturlivet, media m.fl. treng folk med denne kompetansen. 

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Undervisning og pensum er både på norsk og engelsk.

Studiets oppbygging

Vi anbefaler at du startar årsstudiet i engelsk i januar, men du får studierett frå hausten og kan studere andre fag ved UiB. 

Slik er studiet lagt opp:   

1. semester   

ENG110 - Lydar og strukturar (15 studiepoeng)  

ENG125 - Britisk litteratur og kultur (15 studiepoeng)  

2. semester 

ENG120 - System og variasjon (15 studiepoeng)  

ENG122 - Amerikansk litteratur og kultur (15 studiepoeng)

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling som del av årsstudiet, men du kan bli med på studietur til Det norske studiesenteret i York for ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.   

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelor i engelsk. Årsstudiet i engelsk kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.

Fullført årsstudium saman med ein fullført mastergrad i eit anna skolefag kvalifiserer for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med engelsk som undervisningsfag.

Spørsmål om studiet?
Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studieveileder.if@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Årsstudium i engelsk