Studieplan for BAHF-NOFI Bachelorprogram i norrøn filologi, høst 2026
Omfang og studiepoeng
Programmet er normert til 3-årig fulltidsstudium og 180 studiepoeng (sp.), normalt fordelt på 30 sp. innføringsemne, 90 sp. spesialisering og 60 sp. valfrie emne.
Namn på grad
Bachelor i norrøn filologi
Fulltid/deltid
Programmet er organisert som eit fulltidsstudium. Etter avtale med studierettleiar kan heile eller delar av programmet takast på deltid, kor ein tar minimum 15 sp. (50 %) i semesteret.
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk etter behov.
Studiestart - semester
Haust.
Mål og innhald
Studiet i norrøn filologi gir ei brei innføring i det norrøne språket og den norrøne litteraturen. Det byr på kurs om mytologi, runer og handskriftkultur og øvingar på å lesa mellomalderlege originaldokument, sett i eit vidare kulturelt perspektiv.
Norrønt er ein fellesnemnar for språket og litteraturen både i Noreg og på Færøyane og Island i mellomalderen, og dessutan på vesterhavsøyane. I dette området kan vi snakke om ein felles språkleg og litterær kultur som varte i over 500 år, frå landnåmet av Island til byrjinga av 1400-talet.
Bachelorgraden i norrøn filologi inneheld òg ein breiddekomponent, som betyr at studiet i norrøn filologi blir kombinert med minst eitt anna fagområde. Studentar vel fritt kva breiddekomponenten skal innehalde. Breidde i utdanninga gir studentane innsikt i fagområde utanfor eiga spesialisering. Dette breie faglege grunnlaget fremmar kritisk tenking, kreativitet og fleksibilitet - eigenskapar som er verdifulle både i vidare studium og i arbeidslivet.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten
har brei og grundig kunnskap om det norrøne språket
har grundig kunnskap om norrøn litteratur og dei ulike norrøne tekstsjangrane
har god kjennskap til norrøn mytologi og sentrale drag ved norrøne samfunnstilhøve
kjenner faglege ressursar og digitale ressursar
har god kjennskap til moderne islandsk grammatikk, fonetikk og fonologi
Ferdigheiter
Kandidaten
kan lese norrøne tekstar på eiga hand, med bruk av ordbok
kan i nokon grad lese og forstå moderne islandsk tekst
kan skrive velformulerte og samanhengande skildrande, resonnerande og argumenterande tekstar om norrønt språk, norrøn litteratur og kultur og norrøn mytologi
kan analysere og drøfte problemstillingar innanfor disiplinen på ein fagleg måte
kan hente inn fagleg informasjon og vurdere han kritisk
har fått trening i å presentere fagleg innhald profesjonelt
Generell kompetanse
Kandidaten
har kjennskap til filologisk verksemd generelt
kan velje og nytte digitale og andre ressursar hensiktsmessig til å tileigne seg fagleg kunnskap
kan løyse praktiske oppgåver ved hjelp av digitale og andre ressursar
kan kommunisere og samhandle med andre i digitale omgjevnadar
kan kommunisere med fagfolk (akademisk diskurs) og allmenta (formidling) om faglege problemstillingar frå norrøn filologi
kan arbeide aktivt for å styrke sine eigne kunnskapar og ferdigheiter i faget
kan nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar
kan planlegge og gjennomføre eit forskingsarbeid av avgrensa omfang
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Gode leseferdigheiter i engelsk er ein føremon.
Innføringsemne
Bachelorgraden skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og LES100 – Les og skriv (10 studiepoeng), og det er sterkt tilrådd å ta desse emna i det første semesteret. I tillegg er det tilrådd at ein i første semester tar NORD100.
Tilrådd første semester:
- Examen philosophicum EXPHIL-HFSEM seminarmodellen (10 sp.) eller EXPHIL-HFEKS skuleeksamen (10 sp.)
- LES100 Les og skriv (10 sp.)
- NORD100 Innføring i nordistikk (10 sp.)
Obligatoriske emne
EXPHIL
Bachelorprogrammet i norrøn filologi har ein obligatorisk breiddekomponent på 30 studiepoeng. Dette vil seie at studentar må ta minst 30 studiepoeng med emne utanfor norrøn filologi-faget. Dette er jf. HF sine utfyllande reglar til § 10-3 i UiB si studieforskrift.
Spesialisering
Bachelorprogrammet inneheld ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa inneheld minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve).
NOFI101 (15 sp.)
NOFI112 (10 sp.)
NOFI106 (5 sp.)
NOFI107 (15 sp.)
NOFI110 (5 sp.)
NOFI113 (10 sp.)
ISL103 (15 sp.)
NOFI250 (15 sp.)
Tilrådde valemne
Studenten kan velje valemne eller såkalla frie studiepoeng i ein bachelorgrad, fritt blant alle emne ved Universitetet i Bergen så framt det er plass og studenten har opptaks- og forkunnskapskrava som gjeld for emnet. Ein kan også bruke emne ein har fullført tidlegare som frie studiepoeng i ein bachelorgrad. EXFAC eller EXPHIL kan ikkje brukast som frie studiepoeng.
Snakk med faglærar og studierettleiar om du er usikker på korleis du vil legge opp valemna dine. Ein tilrår generelt at studenten vel emne med tanke på si vidare utdanning eller yrkesplanar.
30 av dei 60 frie studiepoenga må brukast til å oppfylle kravet om breiddekomponent (sjå under «Obligatoriske emne»).
Rekkefølgje for emne i studiet
Studieløpet i bachelorprogrammet i norrøn filologi kan til dømes sjå slik ut:
1. semester (haust)
Examen philosophicum (10 sp.)
LES100 (10 sp.)
NORD100 Innføring i nordistikk (10 sp.)
2. semester (vår)
NOFI101 Norrønt språk* (15 sp.)
NOFI106 Norrøn mytologi i prosa (5 sp.)
NOFI112 Norrøn sagalitteratur (10 sp.)
3. semester (haust)
NOFI107 Norrøn prosa (15 sp.)
NOFI110 Norrøne handskriftstudium og runologi (5 sp.)
NOFI113 Norrøn mytologi i dikting (10 sp.)
4. semester (vår)
Delstudium i utlandet, emnepakke og/eller andre valfrie emne (30 sp.)
5. semester (haust)
Delstudium i utlandet, emnepakke og/eller andre valfrie emne (30 sp.)
6. semester (vår)
ISL103 islandsk grammatikk og fonetikk (15 stp.)
NOFI250 Norrøn filologi bacheloroppgåve (15 sp.)
*NOFI101 må takast før NOFI107, NOFI110, NOFI210 og NOFI250.
Ei generell tilråding er at ein bør ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå før ein tar fatt på 200-nivå. Sjå tabell for detaljerte opplysingar om kvart emne. Snakk med studierettleiar om du treng råd rundt studieløpet ditt.
Delstudium i utlandet
Det er mogleg og tilrådd å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med faglæraren og studierettleiaren.
Sjå anbefalte utvekslingsavtalar for dette studieprogrammet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Informasjon om undervisningsform for kvart emne står i emneplanen.
Vurderingsformer
Vurderingsformene er hovudsakleg skriftleg og munnleg vurdering. Informasjon om vurderingsform for kvart emne står i emneplanen.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk, er å finne digitalt på www.vitnemalsportalen.no når krava til graden er oppfylt.
Karakterskala
A-F
Grunnlag for vidare studium
Ein bachelorgrad gir mellom anna grunnlag for å søke opptak til masterprogrammet i same fagområde ved Universitetet i Bergen eller til mange andre masterprogram i heile verda.
Relevans for arbeidsliv
Utdanningar ved Det humanistiske fakultet gir mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden avhengig av kva for emne den einskilde studenten har i graden sin, men også kva for interesser og engasjement studenten har i tillegg til graden. Innsikt i språk, litteratur, mytologi og kultur frå norrøn tid er etterspurd blant fleire arbeidsgivarar, mellom anna ved kulturinstitusjonar og lærestader, i media og reiseliv.
Ein bachelorgrad i norrøn filologi kan gi grunnlag for mellom anna formidlings- og undervisningsarbeid. Studiet gir spesialkompetanse på (mellomalder)handskrift, som er relevant for arkiv og samlingar. Studiet gir dessutan profesjonell tekst- og analysekompetanse og digitale ferdigheiter, og det gir allmenn kompetanse for administrativt arbeid.
Utdanninga er relevant for arbeid i museum, bibliotek, arkiv og forlag, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.
Evaluering
Studentane, programstyret og ekstern fagfelle skal kontinuerleg evaluere emne og program i tråd med kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen. Tidlegare emne- og programevalueringar finn ein på www.kvalitetsbasen.uib.no
Skikkavurdering og autorisasjon
Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for innhald, struktur og kvalitet i programmet og tilhøyrande emne.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no