Spansk språk og latinamerikastudium (årsstudium)
Spansk språk og latinamerikastudium ved UiB er unikt i Noreg fordi vi legg like stor vekt på områdekunnskap og historie som på språk og litteratur. Studiet passar for deg som har interesse for språk, litteratur, historie og kulturkunnskap.
- Varigheit
- 1 år
- Studieplassar
- 10
- Studiepoeng
- 60
- Studiestart
- Haust og vår
- Undervisningsspråk
- Norsk og spansk
Informasjon til nye studentar
Velkommen til Det humanistiske fakultet!
Dette programmet startar om våren, om du vil studere allereie frå hausten kan du det.
Oppmøteinformasjon for hausten finn du under.
Frammøte: Måndag 10. august kl. 08:45 i Auditorium A, Sydneshaugen skole.
Du treng ikkje ta med deg noko anna enn deg sjølv, men det er lurt å ta med noko å drikke og ete.
Her finn du informasjon om studiestart på UiB og programmet for velkomstveka på HF.
Har du spørsmål? Ta kontakt med infosenteret på HF
Vi gler oss til du kjem!
Kva lærer du?
På dette årsstudiet får du studere og tileigne deg kunnskap om sentrale tema og problemstillingar i Latin-Amerika, i tillegg til å øve opp dine praktiske ferdigheiter i spansk språk.
Du får kunnskap om og høve til å arbeide med prosessar og metodar innan spansk og latinamerikansk språk, historie, litteratur og kultur. Du får trening i og vil bli vurdert i:
- overordna kunnskap om Latin-Amerika og ferdigheiter i fagområda språk, litteratur, historie- og kulturkunnskap
- sjølvstendig arbeid med ulike problemstillingar innanfor alle fagområda
- kritisk bruk av kunnskapane dine og refleksjon over eigen fagleg praksis
Studiekvardag
Dette er eit fulltidsstudium. I studietida vil du møte ulike undervisningsformer, som forelesingar, filmvisningar, seminar- og gruppearbeid, individuell rettleiing og sjølvstudium. Studiet inkluderer også ulike typar av undervisningsaktivitetar, som presentasjonar, arbeid med øvingsoppgåver, podcast og gruppearbeid.
Som student vil du jobbe med faget i forkant av forelesingar og seminar. Då vert du meir aktiv i undervisninga og vil truleg meistre og lære meir.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Internasjonalt samarbeid skapar aukande etterspurnad etter kompetanse i spansk språk og latinamerikansk kultur og historie. Av relevante yrkesområde kan følgande nemnast:
- media og forlagsverksemd
- reiseliv
- næringsliv
- kulturliv
- offentlege institusjonar
- humanitære organisasjonar
Spansk er dessutan eit valfritt undervisningsfag i grunnskolen og vidaregåande skole. Årsstudium i spansk språk og latinamerikastudium gir saman med praktisk-pedagogisk utdanning formell kompetanse til å undervise i spansk.
Les intervju med tidlegare studentarOpptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk
Undervisningsspråk: Norsk og spansk
All undervisning går føre seg på spansk. Difor anbefaler vi søkarane å ha eit språknivå på minimum A2 (jf. CEFR).
Studiets oppbygging
Studiet har oppstart om våren. I haustsemesteret i forkant av studiestart kan årsstudentar ta innføringsemne eller andre fag ved UiB.
1. semester
Spansk grammatikk I (10 studiepoeng)
Latinamerikansk litteratur og kultur I (10 studiepoeng)
Latinamerikansk historie (10 studiepoeng)
2. semester
Spansk II (10 studiepoeng)
Latinamerikansk litteratur og kultur II (10 studiepoeng)
Kultur og samfunn i Latin-Amerika (10 studiepoeng)
Utveksling
Du kan ikkje reise på utveksling som ein del av årsstudiet.
Vidare studiemoglegheiter
Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium. Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.
Fullført årsstudium saman med ein fullført mastergrad i eit anna skolefag kvalifiserer for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med spansk som undervisningsfag.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Årsstudium i spansk språk og latinamerikastudium