Tema i miljøhumaniora
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MILHUM202
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Emnet blir undervist på eit av dei skandinaviske språka eller engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Miljøhumaniora er eit tverrfagleg felt som nyttar metodar, perspektiv og tilnærmingar frå ulike delar av humaniora. Feltet utforskar forholdet mellom menneske og miljø og utviklar nye måtar å tenkje om miljøet på. Det utfordrar førestillinga om at miljøproblem berre er vitskaplege eller tekniske ved å hevde at dei òg spring ut av kulturelle og religiøse verdiar, politiske system og historiske prosessar.
Emnet gir studentane spesialisering i eit relevant tema innan miljøhumaniora. Det spesifikke temaet vil variere frå semester til semester, avhengig av tilgjengelege undervisingsressursar og forskingsinteresser. Instituttet kunngjer kva tema som blir tilbydd før semesterstart.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
• Studenten har kunnskap om viktige tema, teoriar, problem og prosessar innanfor eit spesialisert emne innan miljøhumaniora.
Ferdigheiter:
• Studenten kan nytte sentrale verktøy og metodar knytt til eit tema innan miljøhumaniora.• Studenten kan finne, vurdere og referere til informasjon og akademisk materiale og relatere det til ei problemstilling innan miljøhumaniora.
Generell kompetanse:
• Studenten kan presentere viktig akademisk materiale som teoriar, problem og løysingar og utveksle meiningar med andre fagfellar innan miljøhumaniora.
• Studenten viser forståing for nødvendigheita av kreative og tilpassingsdyktige problemløysingsmetodar for komplekse globale problemstillingar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Dette kurset har to obligatoriske seminar. Desse seminara består av praktiske aktivitetar som vil bidra direkte til å fullføre mappevurderinga.
Omfang, fristar og retningslinjer for dei obligatoriske seminara vil bli kunngjort ved kursstart. Obligatorisk seminaroppmøte er gyldig i eitt semester etter undervisingssemesteret dei blei godkjende.
Vurderingsformer
Emnet vil bli vurdert med ei mappevurdering som består av opptil tre delar på til saman opptil 3000 ord. Detaljar om oppgåva vil bli kunngjort ved emnestart.
Obligatoriske krav må vere bestått og gyldige for at studentane sitt arbeid skal kunne vurderast.
Oppgåver kan leverast på norsk, dansk, svensk eller engelsk.