Tema i miljøhumiora (tillegg)
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- MILHUM203
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Emnet blir undervist på eit av dei skandinaviske språka eller engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Miljøhumaniora er eit tverrfagleg felt som nyttar metodar, perspektiv og tilnærmingar frå ulike delar av humaniora. Feltet utforskar forholdet mellom menneske og miljø og utviklar nye måtar å tenkje om miljøet på. Det utfordrar førestillinga om at miljøproblem berre er vitskaplege eller tekniske, ved å hevde at dei òg spring ut av kulturelle og religiøse verdiar, politiske system og historiske prosessar.
Emnet gir studentane spesialisering i eit relevant tema innan miljøhumaniora. Det spesifikke temaet vil variere frå semester til semester, avhengig av tilgjengelege undervisingsressursar og forskingsinteresser. Instituttet kunngjer kva tema som blir tilbydd før semesterstart.
Emnet er eit fordjupingsemne som byggjer på MILHUM202, og må takast samtidig med dette. Det utvidar det aktuelle temaet gjennom ei meir omfattande pensumliste og fleire arbeidskrav.
Læringsutbytte
Etter fullført emne i kombinasjon med MILHUM202, vil studenten ha følgjande læringsutbyte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
• Studenten har inngåande kunnskap om viktige tema, problem og prosessar innanfor eit spesialisert emne innan miljøhumaniora.
Ferdigheiter:
• Studenten kan med tryggleik nytte sentrale verktøy og metodar knytt til eit tema innan miljøhumaniora.
• Studenten kan sjølvstendig finne, vurdere og referere til informasjon og akademisk materiale og relatere det til ei problemstilling innan miljøhumaniora.
Generell kompetanse:
• Studenten kan med sikkerheit presentere viktig akademisk materiale som teoriar, problem og løysingar, og utveksle meiningar med andre med bakgrunn i miljøhumaniora.
• Studenten viser forståing for nødvendigheita av kreative og tilpassingsdyktige problemløysingsmetodar for komplekse globale problemstillingar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Emnet vil bli vurdert med ei semesteroppgåve på inntil 1500 ord. Detaljar om semesteroppgåva vil bli kunngjort ved emnestart.
Semesteroppgåver kan leverast på norsk, dansk, svensk eller engelsk.