Grunnkurs i mekanikk og varmelære
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- PHYS101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet gir ei innføring i dei grunnleggjande omgrepa i mekanikk og varmelære: Rørsle, kraft, energi og effekt, rotasjon, temperatur og varme, hovudsetninga i varmelæra, svingingar, bølgjer og lyd med døme på bruk i andre fag.
Emnet er først og fremst meint som eit brukarkurs for andre fagområde enn fysikk, geofysikk og matematikk. Det vert lagt vekt på å få ei oversikt og forståing av fysikkomgrepa utan for mykje bruk av matematisk formalisme i framstillinga av stoffet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne PHYS101 skal studenten kunne
- forklare sentrale fenomen, omgrep og forklaringsmodellar i mekanikk og varmelære
- bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse enkle oppgåver i mekanikk og varmelære
- teikne skisser som systematiserer problemet i slike oppgåver
Undervisningssemester
Haust (Fargekode: grønn)
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timer. Midtvegseksamen, 2 timer, kan gjelde inntil 20% av endeleg karakter. Lovlege hjelpemiddel: Godkjend lommekalkulator og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjend i fakultetets eksamensreglement.
Deleksamen gjeld 1 semester. I semester utan undervisning tel avsluttende eksamen 100% av endeleg karakter.