Buddhisme og jainisme

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Studenten skal gjennom studiet tileigna seg kunnskapar om utvalde sider ved buddhismen og jainismen i fortid og notid og med særlig vekt på buddhismen i Sør-Asia i nyare tid.

Læringsutbytte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

- inngåande kunnskapar om buddhismen og jainismen i Sør-Asia med spesiell vekt på endringar i nyare tid

- inngåande kunnskapar om framveksten av ulike tolkingar av buddhismen og jainismen i Sør-Asia i moderne tid, om buddhismen som ein religiøs og politisk identitet i Sør-Asia og om vestlege fortolkingstradisjonar av desse religionane

Ferdigheiter

- evne til å analysera fagstoff og trekka eigne slutningar

- evne til å skriva ein resonnerande tekst

- erfaring med å formidla informasjon,teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Studenten skal kunna kommunisera om problemstillingar, analyser og konklusjonar innafor dette kunnskapsfeltet.

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust (frå haust 2011)

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Mykje av pensumlitteraturen er på engelsk. Studenten bør derfor ha rimelig gode engelskkunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
Emnet har fullt overlapp med RELV323
Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar.
Karakterskala
I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der A er beste karakter.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum er på omkring 1000-1500 sider. Det meste av litteraturen er på engelsk.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarlig
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig