Forskingsdesign og kvalitative metodar
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- SAMPOL307
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet omhandlar og diskuterer bruken av kvalitative metodar i faget slik at studentane lærer å setje opp og gjennomføre studiar i samanliknande politikk.
Hovuddelen av emnet vil presentera og diskutera dei vanlegaste kvalitative komparative metodane. Emnet gjer studentane kjend med debattane om, og diskuterer fordelane og ulempene ved, ulike kvalitative tilnærmingar til faget. Me vil diskutera kva for type spørsmål ulike kvalitative studiar er særskild veleigna til å svare, lære om strategiar for val av case, ulike formar for kvalitative analytiske logikkar og ulike metodar for innsamling og analyse av kvalitative data. Emnet rettar særleg fokus på klassisk komparativ metode, komparativ historisk analyse, case-studiar, og teknikkar for feltarbeid. Debattane vil bli illustrert med velkjende døme frå litteraturen som studentane blir beden om å lese kritisk med blikk på korleis dei løyser metodologiske utfordringar. Emnet vil gjennom førelesingar, seminar og personleg rettleiing gje ei innføring i korleis utforme ei prosjektskisse for masteroppgåva gjennom å lesa og diskutera tidlegare prosjektskisser, mastergradsoppgåver, utarbeiding, diskusjon og presentasjon av eigne forslag.
Læringsutbytte
Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne:
- Gjere greie for dei fire konvensjonelle ledda i god forskingsdesign: problemstilling, teori, metode og data, formulera eigne problemstillingar og meir presist gjere greie for kva kriterium som vert brukt for å evaluera om eigen eller andre sin problemstilling er god.
- Gjere greie for skilnaden på deskriptive og kausale teoriar og hypotesar, korleis omgrep bør formulerast og problem som kan oppstå ved operasjonalisering og måling.
- Gjere greie for dei viktigaste fordelane og ulempene ved ulike typar av kvalitative metodar når det gjeld å påvisa kausale samanhengar, samt styrkar og svakheiter med kvalitative metodar, som til dømes case studiar, komparativ historisk analyse og ulike feltarbeidsteknikkar, i høve til andre analytiske teknikkar (t.d. kvantitativ metode).
- Kjenne til relevante etiske retningslinjer, og ha fått høve til å tenkja gjennom og stille spørsmål rundt praktiske aspekt ved forskingssituasjonen.
- Meistre evna til god munnleg og skriftleg framstilling.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking i seminar/førelesingar (minst 75%).
Midtvegsseminar: munnleg framlegg av idé til prosjektskisse.
Sluttseminar: Munnlegg framlegg og presentasjon av prosjektskisse.
Skriftleg innlevering: Prosjektskisse til masteroppgåva. Skissa vurderast som godkjend/ ikkje godkjend. Det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i inneverande undervisningssemester.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på 6 timar