Spesialisering i latinamerikastudium
Masteremne
- Studiepoeng
- 20
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- SPLA315
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet SPLA315 er eit fordjupingsemne i språklege, litterære eller historiske problemstillingar innanfor latinamerikastudier. Studentane oppnår analytisk og teoretisk fordjuping i den disiplinen dei konsentrerer seg om.
Innhald:
Emnet inneheld ulike typar kjeldemateriale og eit utval sentrale teoretiske tekstar innanfor lingvistikk, litteratur eller historie frå den spansktalande verda. Studentane skal velja hovuddisiplin innanfor faget. Faglærar har ansvar for å velja fordjupingsemne og bibliografi.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har
- spesialkunnskapar om einskilde kjelder, verk og sjangrar og kjennskap til den kulturhistoriske samanhengen dei står i
Kompetanse
Studenten har
- erfaring med å arbeide sjølvstendig med akademiske tekstar
Generell kompetanse
Studenten har
- kjennskap til forskingsetiske normer, og evne til kritisk vurdering av bibliografi og kjeldestoff
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
Emnet går første gong våren 2019
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innanfor undervisningsperioden skal studentane halde ein munnleg presentasjon på eitt av seminara. Val av tema blir gjort i samråd med rettleiar.
Det er òg obligatorisk å levere utkast av oppgåva (essay) og å møta til rettleiing tre gonger gjennom semesteret.
Arbeidskrava må vere godkjende av faglærar før studentane kan gå opp til endeleg eksamen.
Som integrert del av emnet, må studentane levere ein søknad om spesialisering til fagkoordinator, der to disiplinar er rangerte. Frist for å levera søknaden er normalt 15. desember i studenten sitt første semester (eventuelt 31. januar for dei som tek til i vårsemesteret). Meir informasjon om prosessen blir gitt ved semesterstart.
Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Ei rettleidd oppgåve (essay) på ca. 4000 ord på spansk, pluss bibliografi. Tema for oppgåva vert godkjent av faglærar, og oppgåva vert vurdert av ein eksamenskommisjon i slutten av semesteret.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår.
Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Ca. 800 sider henta frå læreverk og artiklar som omhandlar det valde fordjupingsemnet.
Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet.
Litteraturlista skal liggje føre innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.