Natur og menneske i tyskspråkleg litteratur, online

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Dette emnet gir ei innføring i korleis natur og menneske blir framstilt og forstått i tyskspråkleg litteratur og kultur, arbeider med ulike naturomgrep og naturforståingar, og diskuterer historiske, filosofiske og samfunnsmessige utviklingstrekk. Emnet kombinerer litteraturvitskaplege perspektiv med kulturhistoriske og idehistoriske innfallsvinklar.

Naturforteljingar blir undersøkte i ei rekke sjangrar og medium, mellom anna romanar, dikt, noveller, essay, film og sakprosa. Dette gir innsikt i korleis naturen blir representert, verdsett og diskutert på tvers av epokar og uttrykksformer - t.d. romantikkens natursublime eller samtidas økokritiske, klimamessige og biodiversitetsrelaterte diskursar.

Seminarundervisninga legg vekt på munnleg aktivitet, tekstnær diskusjon og refleksjon kring både personlege leseerfaringar og analytiske tilnærmingar.

Emnet gir grunnleggande innføring i vitskapleg arbeid, med særleg vekt på kjeldekritikk og siterings- og referanseteknikk.

Eit sentralt mål er at studentane skal kunne setje tyskspråklege naturforståingar i ein europeisk og global samanheng, og relatere dei til aktuelle debattar om klimakrise, naturmangfald, berekraft og miljøpolitikk.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om historiske utviklingstrekk i naturforståinga frå opplysningstida til i dag
  • kjenner til korleis natur og menneske blir framstilte i ulike tyskspråklege sjangrar og medium
  • forstår sentrale idear, verdiar og filosofiske posisjonar som har forma naturforståingar i tyskspråkleg kultur
  • kjenner til idehistoriske og samfunnsmessige kontekstar som påverkar naturrepresentasjonar
  • har innsikt i dei utvalde pensumtekstane og den litteraturhistoriske konteksten dei står i
  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale litteraturvitskaplege/analytiske omgrep

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan lese, analysere og tolke litterære og kulturelle naturframstillingar ved hjelp av relevante analytiske omgrep
  • kan diskutere naturverdiar og naturforståingar på presist og variert tysk
  • kan samanlikne naturforteljingar i ulike sjangrar og medium
  • kan setje tyskspråklege naturrepresentasjonar i dialog med europeiske og globale diskursar
  • kan skrive faglege tekstar på tysk med klar struktur, korrekt bruk av kjelder og gjennomtenkt argumentasjon
  • kan vurdere truverd og relevans i både primær- og sekundærlitteratur
  • kan presentere fagleg innhald munnleg og delta aktivt i seminararbeid

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan reflektere kritisk over korleis natur og menneske blir forstått og framstilt i ulike kulturelle og historiske kontekstar
  • kan bidra til faglege diskusjonar om natur, miljø, klima og biodiversitet i eit breitt humanistisk perspektiv
  • kan forstå og vurdere naturdiskursar i ei tid prega av globale miljøutfordringar og politiske debattar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår. Emnet blir gjennomført første gong våren 2028.

Undervisningssted

Online. 

Dette emnet finst òg som ordinært emne (TYS220) med eige opptak.

Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på tysk og føreset gode tyskkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
Ein tilrår at studentane har teke både vår- og haustemna på tysk100-nivå (eller tilsvarande nettemne) eller har tilsvarande kunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga TYS644 med 10 studiepoeng om det vert kombinert med TYS202, TYS206, TYS252, TYS256 eller TYS220.
Krav til studierett
Ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av forelesingar/seminar/feltarbeid

  • 2 timar i veka
  • 10-12 veker

Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I løpet av semesteret skal det skrivast tre oppgåver (kvar på om lag 750 ord) i tilknyting til undervisninga og haldast to munnlege presentasjonar (anten i samband med undervisninga eller som video/podkast).

Studentane vel tema etter nærare retningslinjer som blir gitt ved semesterstart.

To av oppgåvene skal vere utgangspunkt for dei munnlege presentasjonane.

Oppgåvene og presentasjonane må vere godkjende av faglærar for at ein skal kunne gå opp til eksamen. Om ein obligatorisk undervisningsaktivitet ikkje blir godkjend, kan han gjerast på nytt ein gong.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Emnet har mappevurdering. Mappen består av:

  • to av dei tre obligatoriske skriftlege oppgåvene
  • eit refleksjonsnotat på ca 750 ord som gjer greie for:
    • erfaringar frå emnet generelt
    • erfaringar frå jobbinga med dei obligatoriske oppgåvene
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester

Vår.

Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for tysk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.