Fagdidaktikk i fransk, spansk og tysk 1 (fag 2)

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Fagdidaktikk i framandspråk for fransk/spansk/tysk inngår som ein del av universitetet si lektorutdanning i framandspråk. Sentralt i studiet er spørsmål knytt til elevane si kompetanseutvikling i framandspråk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis studenten kan utvikle og relatere framandspråkfagleg kunnskap til det å vere framandspråklærar. Spesielt viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen fleirspråklege kompetanse, innsikt i undervisningsspråket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for språklæringa til elevane.

Studiet er organisert slik at ein har noko undervisning på tvers av språkfaga for å understreke ein felles kunnskapsteoretisk samanheng og med tanke på felles danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen. Noko undervisning førgår på framandspråket, for å vidareutvikle tryggleik i bruk av dette i undervisninga og for å ta i bruk språkspesifikke fagomgrep.

Emnet er også knytt til praksis i skolen. Undervisninga i emnet vil gjennomgåande støtte studentane i å reflektere over praksiserfaringar i lys av fagdidaktikk.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • har innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
  • har innsikt i fransk/spansk/tysk som dannings- og ferdigheitsfag
  • har kjennskap til sentrale teoriar om språklæring og fleirspråklegheit
  • har kunnskap om vilkår for læring og kompetanseutvikling i fransk/spansk/tysk

Ferdigheiter:

Studenten

  • Kan analysere styringsdokument for skolefaget
  • kan planleggje og reflektere over framandspråksopplæring basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap
  • kan vurdere, bruke og utvikle læremiddel og arbeidsformer i faget i tråd med læreplanen for faget
  • kan grunngi val og vurderingar ut frå eige fagsyn og praksisteori
  • kan rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst, kultur og framandspråksutvikling
  • kan vurdere elevane sitt læringsutbyte og legge til rette for elevar si vurdering av eiga læring
  • kan ha ei kritisk tilnærming til analoge og digitale læringsressursar, og nytte dei i undervisning, planlegging og kommunikasjon, og som del av eiga utvikling
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på framandspråk innan fagfeltet

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan reflektere over eigen og andre sin skolepraksis i lys av kunnskap innanfor dei framandspråkfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk)
  • har utvikla innsikt i framandspråkfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kan gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving
  • kan reflektere over og vurdere eigen praksis for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i framandspråk.
  • kan undersøkje og drøfte framandspråklæring i lys av kunnskap innanfor dei framandspråkfaglege disiplinane (språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk) og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
  • kan opptre profesjonelt i møte med elevar, lærarar og andre aktørar i skulesamfunnet
  • kan halde oppe relevansen av framandspråka sine historiske og akademiske tradisjonar og reflekterer kritisk kring desse
  • Har innsikt i ulike analoge og digitale ressursar som kan fremje språklæring.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust (5. semester)

Undervisningssted

Bergen og på nett
Krav til forkunnskaper

Didaktikkemnet i tredje semester i fag 1, eitt av følgjande emne: HIDI100-P, ENGDI100-P, RELDI100-P, NODI100-P eller SAKDI100-P.

Anbefalte forkunnskaper
KAMPUSDAG3, KAMPUSDAG4
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoenguttellinga for FRAMDI100 redusert med 5 studiepoeng om det vert kombinert med FRANDI101/SPANDI101/TYSDI101, FRANDI201/SPANDI201/TYSDI201 eller FRANDI111/SPANDI111/TYSDI111, eller FRAMDI300. FRAMDI100 vert redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med FRAMDI100-P.
Krav til studierett
Opptak til 5-årig lektorutdanning ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 32 timar undervisning fordelt på førelesingar og seminar; av desse er en del felles med andre språk, og den andre delen språkspesifikk.

Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktiv læring, til dømes problembasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar.

Undervisninga er som regel ansikt til ansikt, men kan også være digital.

Rettleiing og skolebesøk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne ta eksamen må studentane ha gjennomført og fått godkjent følgjande obligatoriske aktivitetar:

  • Fire munnlege, skriftlege eller multimodale arbeid på fransk, tysk, spansk eller norsk etter nærmare retningslinjer
  • 80% av undervisninga er obligatorisk. Undervisninga føreset aktiv deltaking og god førebuing
Vurderingsformer
Eksamensforma er ein munnleg eksamen på om lag 30 minutt. Samtalespråket er fransk/spansk/tysk. Utforminga av eksamen byggjer på refleksjon kring innhald, øvingar og obligatoriske aktivitetar i undervisning/seminar og i samband med dei obligatoriske aktivitetane.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Det er òg eksamen tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyret for lektorprogrammet ved Institutt for framandspråk.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.